Barn vaksineres mot polio i Juba, Sør-Sudan.

Til no er arbeidet med dei neglisjerte tropesjukdommane hovudsakleg retta mot sjukdommar der det eksisterer legemidlar og stor-skala førebyggjing og behandling. Men no trengst det radikale grep for å oppskalere desse verkemidla og forske på nye og meir effektive mottiltak.

Vaksiner er forsømt i kampen mot neglisjerte tropesjukdomar

MENINGER: Kortsiktig, nasjonalistisk politikk synes for tida å ha framgang i mange land. Likevel kan dagens viktigaste samfunnsproblem berre løysast i internasjonalt samarbeid og gjennom langsiktige avtalar. Dette gjeld utfordringar innan klima, økonomisk utvikling og helse.

I ei verd full av nasjonalistiske statar er det håp i det motstraums arbeidet som FN står for. I 2015 spesifiserte FN ei rad nye mål for bærekraftig global utvikling fram til år 2030. No har vi berre ti år igjen for å nå målsttinga i dette programmet. Norge har retta inn delar av bistandsbudsjettet mot å nå desse måla, men korleis kan vi bruka våre skattepengar mest mogleg effektivt? Som eit lite land i verda, kan det å støtte internasjonale initiativ vere ein god måte å bokse i ein vektklasse over vår eigen.

Over 1,5 milliardar menneske, eller ein av fem av alle i verda, er til ei kvar tid sjuk av såkalla neglisjerte tropesjukdommar (neglected tropical diseases - NTDs). Dette er ei gruppe på 20 sjukdommar forårsaka av ulike virus, bakteriar, parasitter og sopp. For nokre av desse finst det etablerte behandlingsprogram og for andre effektive program for å redusere førekomsten av smittebærande insekt (vektorer).

 

Fattigdomssjukdomar

Det som kjenneteiknar NTDs er at dei oftast er kroniske og øydeleggande sjukdomar som særlig rammar land der menneska stort sett lever under fattige kår. Desse sjukdommane forverrar fattigdomen ettersom dei sjuke ikkje kan arbeida eller gå i skule, og må bruke familieinntekta på behandling. Underernæring og feilernæring er nært knytta til NTDs, og den klimatiske utviklinga i verda vil forsterka problema med slike fattigdomssjukdomar. Mange stader fører turke til mangel på mat og vatn, andre stadar er det storm og overfløyming som øydelegg. Med bakgrunn i kjelda til vår store rikdom, er det fleire som har påpeikt at Noreg har eit særskilt ansvar for å kome med løysingar kring effektane av klimaendringar.

I Noreg er smittsame sjukdomar ikkje lenger inne på lista over våre 10 største helseutfordringar, takka vere opplysing, velstand og eit velfungerande helsevesen som byggjer på kunnskap om førebyggjing og behandling.

Til no er arbeidet med dei neglisjerte tropesjukdommane hovudsakleg retta mot sjukdommar der det eksisterer legemidlar og stor-skala førebyggjing og behandling. Men no trengst det radikale grep for å oppskalere desse verkemidla og forske på nye og meir effektive mottiltak. For 12 av dei 20 sjukdommane finst det korkje eksisterande behandling eller von om effektiv behandling i nær framtid. Berre 0.5 prosent av den samla globale forskningsfinansieringa er retta mot desse sjukdomane til trass for at det gjeld 20% av verda si folkemasse.

 

Unikt verktøy

Vaksiner er eit heilt unikt verktøy i kampen mot smittsame sjukdomar. For tre av dei 20 neglisjerte sjukdommane finst det i dag  godkjente vaksiner, nemleg mot gulfeber, rabies og dengue. For seks sjudomar er vaksiner under utvikling, og mot to sjukdommar (cysticercosis og echinococchosis) vil det truleg koma dyrevaksiner som kan hindra at dei aktuelle parasittane smittar fra dyr til menneske.

For å kunne samanlikne byrden ulike sjukdommar påfører eit samfunn, har ein utvikla ein målemetode kalla «helsetapsjusterte leveår» (DALYs). DALYs legg saman summen av tapte leveår og ikkje-dødeleg helsetap, som for eksempel funksjonshemming eller tap av arbeidsevne. DALYs er spesielt vel eigna til å måle den negative helseeffekten av kroniske sjukdomar slik som dei fleste NTDs. Til saman råkar desse ni sjukdommane meir enn 400 millionar fattige menneske, og medfører eit tap av helsejusterte leveår på mellom 8,5 til 30 millionar DALYs.

Kva kan vi gjere for å komme fram til effektive og sikre vaksiner mot resten av dei neglisjerte tropesjukdommane? Vi har i dag god oversikt over kva som er naudsynt for å få fram nye vaksiner, mellom anna gode dyremodellar, kunnskap om dei mekanismane i immunsystemet vårt som utgjer kroppen sitt vern mot sjukdomane, industriell produksjon og til sist utprøving i menneske. Ofte er mangel på gode befolkningsstudiar på reell sjukdomsbyrde eit problem både for prioritering av forskning og seinare evaluering av vaksineeffekten. Kostnadene for nye vaksiner er store, og utviklingsarbeidet tar ofte 10-15 år. Men om internasjonale ressursar sameinast, er det ikkje umogleg å driva fram ein ny vaksine på kortare tid. Slik gjekk Ebola-vaksinen frå å vere testa for fyrste gong i menneske i 2014, og til å verta godkjent for bruk i EU og USA i 2019. Sjølvsagt er det ikkje like lett å laga ei effektiv vaksine mot biologisk komplekse parasitter som det kan vera å utvikla vaksiner mot stabile virus. Problemet er og manglande lønsemd for vaksineprodusentane, og difor må offentleg finansiering til.

 

Har både motiv og midlar

Kvifor ikkje no sette inn eit høg-gir i kampen mot neglisjerte tropesjukdommar ved å akselerere utviklinga av vaksiner mot fleire av dei 3-5 aller verste sjukdommane? Basert på ein rasjonell modell må vi velje ut kva sjukdommar som vil gje mest resultat opp mot bærekraftsmåla, og satse stort på desse. Ei månelanding på Mongstad kosta 7.2 milliardar kroner. Utvikling av ei vaksine kan koste ca. 2,2 milliardar kroner. Vi må så klart gjere dette i samarbeid med Verdas helseorganisasjon, landa som har behov for vaksinene og erfarne vaksineutviklarar.

Noreg har stått sentralt i utvikling av fleire vaksiner og har hatt sin eigen offentlege vaksineproduksjon. Fleire norske lovande bioteknologi-firma er i startgropa. Noreg har vore grunnleggjar av både den globale vaksine-alliansen GAVI, som i år feirer 20 år. I 2017 starta vi ein ny organisasjon for utvikling av vaksiner mot epidemiske sjukdommar (CEPI) med hovudkvarter i Oslo, som no i 2020 viser at den er i stand til å reagere raskt med å sette i gang utvikling av vaksiner mot det nye coronaviruset fra Wuhan i Kina. Noreg har dei siste 10 åra hatt eit forskingsprogram for Global helse- og vaksineringsforskning (GLOBVAC) med blant anna finansiering av vellukka prosjekt som for Ebola-vaksinen. GLOBVAC programmet står no dessverre i fare for ikkje å bli fornya.

Sett på spissen har vi med bakgrunn i vårt oljefond både motiv og midlar til å gjere jobben som skal til for å halde nede dei neglisjerte tropesjukdommane på ein meir effektiv måte. Nokon gonger er alle gode ting mogelege – la oss å gripe sjansen.

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 03.02.2020 13:24:23 Sist oppdatert: 03.02.2020 13:24:23