Kontantstøtte gir folk pengar mellom hendene, pengar som ikkje berre vil hindre svolt og naud, men også bidra til å skape den pengeflyten som er nødvendig for å få hjula i gang att, skriv Asbjørn Eidhamme. Foto: Marte Lid / Norad

Koronadugnad: Nå trengst ei inntekt for alle i Afrika

MEININGAR: Brått er borgarlønn og kontantstøtte – omgrep som har slumra i utviklingsdebatten ei tid – blitt svært så aktuelle.

For å motverke dei knusande økonomiske verknadene av koronakrisa blir ulike former for kontantstøtte innførte både i rike land som USA og fattige land som Togo. Det oppmuntrar dei av oss som i fleire år har argumentert for universelle støtteordningar i utviklingsarbeidet.

Sist ute er to av økonomane som i haust delte den svenske riksbankens Nobelpris i økonomi Esther Duflo og Abhijit Banerjee. Før koronaviruset var på alles lepper gav dei for eit halvt år sidan ut boka Good Economics for Hard Times, ein tittel dei med rette seier er ‘nifst treffande’ nå. Der tar dei til orde for ei fast inntekt for alle (universal ultra basic income) som skal vere nok til å leve av.

Medan det framleis er eit ope spørsmål kor omfattande utbreiinga av koronasmitta blir i Afrika, er det liten tvil om dei økonomiske verknadene. Turistinntektene er alt fullstendig borte, der som her. Vi må vente ein kraftig reduksjon av migrantoverføringane, verre enn den som kom etter finanskrisa i 2008. Inntektene frå olje, gass og mineralar er i fritt fall. Eksporten av blomar og tekstilar frå Aust-Afrika stansar opp. Utanlandske investeringar kan afrikanske land sjå langt etter ei stund framover.

 

Utan pengar til å kjøpe

I tillegg rammer sjølve tiltaka som blir innførte i mange land – med full nedstenging – både den beskjedne industriproduksjonen og særleg den uformelle sektoren, kanskje bortsett frå jordbruk til eige konsum. Det er ikkje minst dei millionar menneske som lever frå hand til munn i dei raskt veksande storbyane og andre urbane område som vil lide.

Når smittetrugsmålet er over – eller truleg før den tid – vil dei fleste afrikanske land ha eit skrikande etterspørselproblem. Folk som har mist arbeid og inntekt vil ikkje ha pengar til å kjøpe. Dei som produserer og har noko å selje, vil bli sitjande med varene. For å hindre ein etterspørselskollaps, seier Duflo og Banerjee, må finansiell støtte nå ut til folk så raskt som det er muleg. Ein av visepresidentane i Verdensbanken, Jürgen Voegele, seier at the key is to get cash into people’s hands.

 

Enkel å administrere

Ei grunnlønn til alle har ein del openberre fordelar. Den er enkel å administrere i forhold til andre støtteformer. I dei fleste afrikanske land er mobilbankar nå ganske utbreidde, Togo har alt fått ut midlar til 1,3 millionar personar. Men sjølvsagt må ein også bruke meir tradisjonelle former for distribusjon. Det andre er at det ikkje er nødvendig med nokon tidkrevjande prosess for å finne ut kven som skal få støtte eller ikkje. Alle vil vite nøyaktig kva dei har rett på, noko som gjer ordninga transparent og lettare å kontrollere nedanfrå.

Det kan innvendast at pengane då også vil gå til folk som ikkje har behov for støtte. Men sjølv om ein reknar med at om lag 40-60 prosent av befolkninga i Afrika sør for Sahara lever i fattigdom, er dette ut frå strenge kriterier. Langt fleire er fattige etter det vi vil sjå som ein rimeleg målestokk, og dei blir ramma av denne krisa. Det vil faktisk kunne vere atskillig dyrare, mindre effektivt og meir opent for misbruk om ein prøver å velje ut dei mest trengjande. Universelle løysingar kan også bidra – i alle fall litt – til å byggje noko av den samfunnstilliten som vi i Norden er stolte av, men som ofte er fråverande i andre delar av verda.

Men det viktigaste er at kontantstøtte gir folk pengar mellom hendene, pengar som ikkje berre vil hindre svolt og naud, men også bidra til å skape den pengeflyten som Verdensbanken peikar på som nødvendig for å få hjula i gang att. Og ikkje minst, det vil bidra til dyrking og sal av mat. Det har vist seg at i mange krisesituasjonar er det ikkje mangel på mat i seg sjølv som er verst, men mangel på pengar. Ei rad afrikanske statar arbeider nå med kontantstøtteordningar som tiltak mot krisa. Men dei offentlege budsjetta er også i krise, der som i Europa. Det trengst eit spleiselag av myndigheter, bilaterale partnarar og multilaterale organisasjonar – ein koronadugnad for afrikanske land.

 

Må tenkje nytt

Fordelane av universelle kontantstøtteordningar under kriser er svært klare, men eg meiner dei også bidrar til å løyse utfordringar i utviklingspolitikken på lang sikt. Vi har slite med eit problem i mange år, godt dokumentert gjennom evalueringsrapportar, at for lite av vår bistand når fram til dei fattige folkefleirtala i våre samarbeidsland. I vårt evigvarande slit med å bidra til demokrati, nasjonsbygging og kapasitetsutvikling kjem resultata oftast først på lang sikt.

Skal ein få bukt med den ekstreme fattigdommen, må ein tenkje nytt. Vi må utvide dei såkalla globale offentlege goda til også å gjelde retten til ei inntekt. Det er ein menneskerett å ha ein tilfredsstillande levestandard, å ha ei inntekt å leve av. Hittil har eg ikkje sett noko tiltak som meir effektivt kan bidra til det enn ei grunnlønn for alle.

Les mer om kontantstøtte: 

Ny rapport fra Verdensbanken: 50 millioner kom seg ut av fattigdom

Kenya: Spøkelser stakk av med de eldres pensjoner

Slik ble alderstrygd en vinnersak i Uganda

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 11.05.2020 14:04:59 Sist oppdatert: 11.05.2020 14:04:59