Copyright © fotograf

For anmeldaren er det mest interessante i boka intervjua med den yngste generasjonen av kvite afrikanarar. Illustrasjonsfoto: Gunnar Zachrisen

Kvite afrikanarar kommer til orde

Görrel Espelunds Vita afrikaner gir eit godt innblikk i liv og situasjon for europearar som har blitt buande i afrikanske land etter avkoloniseringa. Men det kunne godt vere meir liv i forteljingane.

Den svenske journalisten og forfattaren Görrel Espelund har skrive ei bok om kvite afrikanarar, folk frå familiar med europeisk opphav som har levd i Kenya, Zambia og Zimbabwe i generasjonar. Boka består av portrett av og intervju med eit godt utval av svært ulike personlegdommar, frå eldre menn som meiner at alt var betre før til engasjert ungdom som gjer det til ei livssak å bidra i det Afrika dei er fødde i. Målet for Espelund, som har reist rundt i Afrika i fleire år, og som også har vore bidragsytar i Bistandsaktuelt, er å finne svar på kven dei er, dei kvite som har blitt verande i Afrika, og korleis dei ser på si historie, sin identitet og si framtid.

Etter ein kort introduksjon til kappløpet om Afrika sist på 1800-talet, er Vita afrikaner delt i tre bolkar, ein for kvar av dei tre landa. I desse delane finn vi fakta om landa, og knytt til dei ulike intervjua får vi innblikk i landas historie. Forskjellane mellom landa kjem godt fram, og det gjer også mangfaldet i lagnader blant dei kvite som har blitt buande.

Der er den tidlegare storviltjegaren som nå arrangerer fotosafari i Kenya, den kvinnelege forfattaren som har slått seg ned i Great Rift Valley og ser det som si oppgåve å ta vare på forsømte bygningar i den så segnomsuste Happy Valley, barn og barnebarn av misjonærar og gruveingeniørar i tidlegare Nord-Rhodesia og farmarar som flytta frå Zimbabwe til Zambia etter at Mugabe sende krigsveteranar til å overta farmane deira. Dei er interessante menneske, alle saman.

Likevel, etter 40-50 sider tek eg til å kjede meg. Stoffet burde så absolutt liggje til rette for gode forteljingar. Og då må eg spørje meg kva som er tanken bak å skrive Vita afrikaner. Er det viktig å formidle desse lagnadene og analysere den rolla folk av europeisk ætt spelar på kontinentet i dag, eller er temaet verdt å skrive om fordi stoffet er fascinerande og spennande?

Om føremålet er å gjere ein slags analyse av kvite gruppers situasjon og betydning i afrikanske land i dag, blir stoffet litt for overflatisk. Det meste av fakta er kjent for dei fleste Afrika-interesserte. Det er mange gode observasjonar og vurderingar under vegs, men samtidig litt talande at boka sluttar brått utan noko forsøk frå forfattaren til å setje intervju og kunnskap inn i ein større samanheng, eller forsøk på oppsummering. Og det er eit spørsmål kor interessant denne gruppa er for samfunnsutviklinga i landa. Som ein av dei seier: «Historiskt er vi oviktiga och alt vi vill er at bli lämnade i fred och fortsätta leva vårt liv. Vad som nu finns kvar av det.»

Det synet på tilværet kan vere eit godt utgangspunkt for å fortelje fascinerande historier. Men for det føremålet blir det ikkje nok liv i forteljinga. Espelund lar dei som blir intervjua komme til orde sjølv, og avstår frå å smørje på i skildringa av dei, deira historie og situasjon. Det er ein ærleg og informativ måte å skrive på. Men det finst så mange andre gode og underhaldande framstillingar av Delamare-familien i Kenya, det kvite farmarlivet i Rhodesia eller korleis det var å vekse opp som misjonærbarn.

Det som for meg er det mest interessante i boka er intervjua med den yngste generasjonen. Tenåringen Matthew som ser ei framtid for seg i Kenya, ikkje fordi han er privilegert som kvit, men fordi han finn seg godt til rette og blir akseptert av sine afrikanske venner. Sjølv om dei har nye bilar medan han kjører rundt i sin gamle landrover. Eller det unge paret Chloë frå Malawi og Doug frå Zimbabwe som nå bur i Harare og er blitt aksjonistar for menneskerettane. Slike historier er interessant og original lesnad, og gjer at Vita afrikaner likevel er verdt å lese.

Asbjørn Eidhammer har tidligare vært ambassadør i Malawi og har i perioder bodd i Botswana og Swaziland.

 

         

 

 

Bokanmeldelse

Vita afrikaner

  • Görrel Espelund
  • Vita afrikaner. Ett reportage om arv och identitet
  • Eddy.se ab, Visby 2018
Publisert: 26.10.2018 06:21:17 Sist oppdatert: 29.10.2018 07:18:33